Skeitreffen 2025 – Musikk, trekkspel og dans på Jølster


På denne sida finn du reglementet for distriktsmeisterskapen.
Påmeldinga er no stengd. Tevlinga går føre seg laurdag frå klokka 11.

Distriktsmeisterskapet vert arrangert av:
-Norske Trekkspilleres Landsforbund (NTL) – Møre og Romsdal-krinsen og Vestland-krinsen
-Foreininga Skeitreffen.
NTL Møre og Romsdal og Vestland har som føremål å:
-Fremje utviklinga av trekkspelmusikken.
-Leggje til rette for godt samarbeid og vennskap mellom medlemmar, klubbar og orkester.
-Vera eit tenesteorgan for NTL-medlemmar i sine fylke.
Føremål med distriktsmeisterskapet
-Gjere trekkspelmusikken betre kjent.
-Skape ein møtestad for både aktive og passive tilhengjarar av trekkspelmusikk i ulike sjangrar.
-Motivere utøvarane til å utvikle seg vidare, og styrkje interessa for trekkspelmusikk i Møre og Romsdal og Vestland.
Dømming og premiering
-Kvar dommar nyttar poengskala frå 0 til 50. Poengsum nær 0 tyder ein dårleg prestasjon, medan poengsum nær 50 tyder ein svært god prestasjon.
-Det er tre dommarar i alle klassar.
-Poengsummen vert rekna som gjennomsnittet av dei tre dommarane.
-Resultatlister vert offentlege med poeng (gjeld ikkje rekruttklassen).
Rekruttklasse
-I denne klassa vert det ikkje gitt poeng.
-Alle deltakarar får premie eller medalje.
Ein kan tevla i følgjande klassar:
| Klasse | Stilart/instrumentering | Besetning | Alder | Speletid | Merknad |
| Durspelduett - Junior | Durspel | Duett | t.o.m. 15 år | Maks 12 min | Gjerne gammaldans og andre stilartar. |
| Durspelduett - Senior | Durspel | Duett | f.o.m. 16 år | Maks 15 min | Gjerne gammaldans og andre stilartar. |
| Durspelsolist - Junior | Durspel | Solo | t.o.m. 15 år | Maks 15 min | Vi oppmodar til andre stilartar enn gammaldans i denne klassa. |
| Durspelsolist - Senior | Durspel | Solo | f.o.m. 16 år | Maks 20 min | Vi oppmodar til andre stilartar enn gammaldans i denne klassa. |
| Gammaldans - Gruppespel | Gammaldans | Gruppe | Alle | – | Gruppe med inntil seks personar utanom komp. (6 + komp er maks.) Det skal spelast fire melodiar der danseartane vals, polka, reinlender og mazurka, eller nært beslekta danseformer, er representerte. Fele/hardingfele eller trekkspel/durspel skal vere det berande instrumentet. |
| Gammaldans - Trekkspelklubb / spelemannslag | Gammaldans | Klubb/lag | Alle | – | Gammaldans spelt av trekkspel-/durspelklubb, orkester eller spelemannslag. Det skal spelast fire melodiar der alle dei fire danseartane – vals, polka, reinlender og mazurka – eller nært beslekta dansar av desse, er representerte. I denne klassa må ein stille med minst fem deltakarar utanom kompet. Fele/hardingfele eller trekkspel/durspel skal vere det berande instrumentet. |
| Gammaldanssolist - Junior | Gammaldans | Solo | t.o.m. 15 år | – | Gammaldans spelt av solist på trekkspel eller durspel. Det skal spelast tre melodiar i ulike danseformer. Dansetakt og danseappell blir tillagt stor vekt i vurderinga av denne klassa. |
| Gammaldanssolist - Senior | Gammaldans | Solo | f.o.m. 16 år | – | Gammaldans spelt av solist på trekkspel eller durspel. Det skal spelast tre melodiar i ulike danseformer. Dansetakt og danseappell blir tillagt stor vekt i vurderinga av denne klassa. |
| Kammermusikk | Klassisk | Samspel | Alle | Maks 15 min | Klassisk musikk spelt av ei gruppe frå to til sju deltakarar. Om det er ein duett mellom to trekkspel, høyrer dette heime i klassa for trekkspelduett. Stemmene i partituret skal vere solistisk besette, og det skal spelast utan dirigent. Det blir oppmoda til samspel med andre instrument, men trekkspelet skal ha ei framtredande rolle. |
| Juniororkester / juniorspelemannslag | Open | Orkester | Junior | Maks 15 min | Eigna for elevorkester. Alle sjangrar. Trekkspel/durspel eller fele som berande instrument. |
| Nyskaping | Open | Open | Alle | – | Eigenkomponert slått eller stykke. Denne klassa er for dei som har ein ny, eigenkomponert slått eller stykke. |
| Open klasse | Open | Open | Alle | – | Frie stilartar og samansetjingar. Denne klassa er for dei som spelar i stilartar eller med instrumentkombinasjonar som ikkje passar inn i dei andre klassane. Her kan ein spele frå eitt til tre stykke/slåttar. |
| Orkestermusikk - Trekkspelorkester | Open | Klubb | Alle | Maks 15 min | Klassisk musikk spelt av trekkspelorkester. Det skal spelast komposisjonar eller arrangement med minimum tre stemmer. Andre instrument kan nyttast, men trekkspelet skal ha ei framtredande rolle. |
| Rekrutt | Open | Open | Alle | Maks 12 min | Ein klasse for nybyrjarar i alle aldrar som driv med trekkspelmusikk og/eller folkemusikk. Det er lov å delta både som solist og i gruppe. Klassen vert ikkje poengsett. |
| Underhaldningsmusikk - Trekkspelorkester | Open | Klubb | Alle | Maks 12 min | Underhaldningsmusikk spelt av trekkspelorkester. Andre instrument kan nyttast, men trekkspelet skal ha ei framtredande rolle. |
| Varietémusikk | Open | Solo | Alle | Maks 15 min | Solistisk underhaldningsmusikk på trekkspel. Det er ingen aldersinndeling, og musikken har ofte eit virtuost preg. |
| Trekkspelduett - Junior | Trekkspel | Duett | t.o.m. 15 år | Maks 12 min | - |
| Trekkspelduett - Senior | Trekkspel | Duett | f.o.m. 16 år | Maks 15 min | - |
| Trekkspelsolist - Junior | Trekkspel | Solo | t.o.m. 15 år | Maks 15 min | Vi oppmodar til andre stilartar enn gammaldans i denne klassa. |
| Trekkspelsolist - Senior | Trekkspel | Solo | f.o.m. 16 år | Maks 30 min | Vi oppmodar til andre stilartar enn gammaldans i denne klassa. |
Merk: Nokre klassar kan bli slått saman dersom det er få påmelde!