Skeitreffen er ein årleg festival på Skei i Sunnfjord, der trekkspelmusikk står i sentrum. Kvar haust samlar vi musikarar, dansarar og publikum frå heile landet – og langt utanfor – til ei helg fylt med musikk, dans og fest. Festivalen er ein viktig møteplass for både profesjonelle og amatørar, for unge talent og erfarne utøvarar.
Skeitreffen har røter heilt tilbake til 1974, då Førde Trekkspelklubb og Skei Hotel arrangerte den første festivalen. Etter ei kort pause tidleg på 1980-talet tok hotellet åleine over arrangementet, med Henry Haagenrud og seinare Frode Haltli som musikalske leiarar. Mellom 1983 og 2015 stod Jon Skrede i spissen for festivalen, og under hans leiing utvikla Skeitreffen seg til eit av dei største og mest tonegivande trekkspeltreffa i Noreg. I denne perioden deltok over 40 verdsmeistrar – noko som gjer festivalen unik også i europeisk samanheng.
Men Skeitreffen har aldri berre vore ein arena for eliten. Festivalen har alltid vore ein inkluderande møteplass for breidda i trekkspelmiljøet – frå ivrige amatørar til nye, unge utøvarar. Etter nokre stille år vart det i 2017 teke nytt initiativ til å blåse liv i festivalen, takka vere Osterøy Trekkspelklubb og engasjerte lokale krefter. Sidan 2018 har yngre arrangørar ført arva vidare, og i 2025 vart foreininga Skeitreffen etablert for å sikre ei stabil, organisert og langsiktig vidareføring av festivalen.
Foreininga Skeitreffen er ein ideell organisasjon. Det betyr at alt overskot frå arrangementet går tilbake til drift og utvikling av festivalen. Målet vårt er å vidareføre og fornya denne stolte kulturtradisjonen – med eit moderne, inkluderande og fagleg sterkt uttrykk.
Velkomen til Skeitreffen – ein møteplass for trekkspelmiljøet med fokus på kvalitet og tradisjon.
Styret i foreninga Skeitreffen:
Emil Horstad (styreleiar)
Elias Eide (nestleiar)
Arve Bjørn Røneid
Kristina Farstad Bjørdal
Marius Berglund
Organisasjonsnummer:
935 540 097
Kontonummer:
3705.66.92291
Foto: Mats Horstad
Logo og grafisk design: Bjørn Ole Horstad