Skeitreffen 2025 – Musikk, trekkspel og dans på Jølster


Her finn du nyttig informasjon om festivalen og hotellet.
Har du andre spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss på e-post – du finn adressa under fana Kontakt.

Stad:
Skeitreffen 2025 vert arrangert på Grand Hotel Skei, vakkert plassert ved Jølstravatnet.
Her finn du hotellet på kartet: Google Maps - Grand Hotel Skei
Bestilling av overnatting hjå Grand Hotel Skei:
For å bestille på nett, gå inn på https://grandhotelskei.no og trykk på «Book rom».
Legg deretter inn datoane 7.–9. november og søk etter ledige rom.
Prisane for standard rom med frukost er:
Enkeltrom: kr 1195,- per natt
Dobbeltrom: kr 1395,- per natt
Trippelrom (3-sengsrom): kr 1595,- per natt
NB: Prisane gjeld for standard rom. Dersom du ønskjer større eller oppgraderte rom, vil prisen vere høgare.
Du kan òg bestille direkte frå hotellet ved å sende e-post til:
grandhotelskei@unikehoteller.no
Hugs å opplyse at du skal delta på Skeitreffen.
Det er også mogleg å ringe resepsjonen på 57 72 78 00, men merk at det ofte er stor pågang. Difor kan det vere lurt å sende e-post eller bestille på nett dersom du har høve til det.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!
OBS:
Billett til arrangementet er ikkje inkludert i romprisen.
Billett må kjøpast separat.
Sjå sida Billettar for å kjøpe billett.
Mat og drikke:
Hotellet står for all servering under arrangementet, med både bar og restaurant tilgjengeleg.
Parkering:
Det er gratis parkering for alle som bur på hotellet.
Reise:
Skei er eit knutepunkt midt i Sogn og Fjordane, med gode bussforbindelsar både frå sør og nord.
Ekspressbussar går frå Bergen via Førde, og frå Sunnmøre kan du reise via Nordfjordeid eller Stryn.
E39 gjer det enkelt å kome med bil, anten du kjem frå Vestlandet eller Møre og Romsdal.
Arrangementslokale:
Heile programmet går føre seg i Jølstersalen på hotellet.