Skeitreffen 2025 – Musikk, trekkspel og dans på Jølster

Distriktsmeisterskap i samarbeid med NTL!

Her kan du sjå kva som skjer på Skeitreffen 2025!
På denne sida finn du oversikt over artistar som kjem, i tillegg til programmet nederst.
Under årets arrangement blir det òg arrangert distriktsmeisterskap i samarbeid med NTL (Norske Trekkspilleres Landsforbund) for NTL Vestland og NTL Møre og Romsdal.
Jovan Pavlovic
Prisbelønte Jovan Pavlovic er ein trekkspelspelarar med ei særmerkt blanding av jazz, klassisk og folkemusikk, og er ein godt etablert musikar, særleg kjent for det trønderske publikummet.
Musikk hans er prega av improvisasjon, rytmisk kreativitet og uventa vendingar.
Bak dette uttrykket ligg tiår med fordjuping i både norsk og internasjonal musikk. Kritikarane skildrar han som modig, nyskapande og umogleg å etterlikne. Dette er musikk som både groovar og rører.

Høyr det vakre spelet til Jovan her:
Skultbakkalaget
Skultbakkalaget er ei gammaldansgruppe som består av fem tradisjonsmusikarar frå Nord-Gudbrandsdalen. Musikken er hovudsakleg tradisjonell gammaldans frå Ottadalen og Gudbrandsdalen.
Skultbakkalaget vart starta i 2012, då dei for første gong deltok på Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå. Då var dei rundt 16–17 år gamle, og sidan har dei halde fram med spelet.
Gruppa deltek aktivt på treff og festivalar, og speler jamt og trutt til dans både i aust og vest. Dei har også vunne Storefjelltreffen som beste dansespelgruppe både i 2023 og 2025.
Dei har spelt saman heilt sidan dei som små lærte å spele av Geir Marius Thorud, og har dermed utvikla eit tett og godt samspel med god driv.

Høyr Skultbakkalaget med framifrå dansetakt her:
Skultbakkalaget - Polka etter Olaf Hagen
Den svenske trekkspelaren Annika Andersson er kjend for sitt virtuose og energiske spel. Ho byrja å spele allereie som femåring og markerte seg tidleg som eit stort talent på instrumentet. I ungdomsåra turnerte ho mykje saman med Anders Larsson, og i 1999 vart ho kåra til Årets Dragspelare av Sveriges Dragspelares Riksförbund. Med sitt eige orkester har ho gjort seg bemerka på store festivalar som Bälgspelsveckan i Ransäter, og ho har også motteke Bröderna Lindqvists stipend for sitt engasjement for trekkspelmusikken.

Høyr det strålande spelet til Annika Andersson her:
Farstad & Farstad
Farstad & Farstad er ei gammaldansgruppe frå Møre og Romsdal. Gruppa består av Åsmund A. Farstad på fele, Kristina Farstad Bjørdal og Marius Berglund på trekkspel, Kjartan Haugen Foss på gitar, og Bernt Hansen på bass.
Dette er framifrå, unge og framstormande musikarar med ein felles entusiasme for gammaldans og eldre folkemusikk. Dei har eit særleg hjarte for musikken frå Nordvestlandet, og arbeider målretta med å bevare denne musikkarven og formidle han vidare til publikum.
I gruppa spelar dei tradisjonsmusikk frå Nordvestlandet, med både komposisjonar og tradisjonelt stoff frå regionen. Repertoaret omfattar mykje musikk av til dømes Hans Geitvik, Per og P.M. Bolstad, Magne Maurset, Hallvard Ørsal og John Røen.
Farstad & Farstad har vunne dei tre siste fylkeskappleikane i Møre og Romsdal. I tillegg nådde dei finalen i gruppespel-klassen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som vart arrangert i Førde i august 2023. Der enda dei opp med ein solid 5. plass av totalt 31 deltakarar frå heile landet.

Høyr Farstad & Farstad i godt driv:
Farstad & Farstad - Landsfestivalen 2023
To av Skandinavias fremste trekkspelarar, Håvard Svendsrud og Øivind Farmen, vender i år tilbake til Skeitreffen – ein arena dei har vore knytt til heilt sidan første halvdel av 1990-talet.
Med solid klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt, har dei gjennom fleire tiår kombinert den klassiske tradisjonen med ein brennande interesse for folkeleg og tradisjonell trekkspelmusikk.
Saman har dei hatt sporadiske, men minneverdige opptredenar på radio, festivalar og konsertscener i over 25 år. No kjem dei til oss som duo, og publikum kan gle seg til eit variert og rikt program – med alt frå klassiske perler til fengande rytmar frå andre sjangrar.
Med eit samspel prega av erfaring, virtuositet og speleglede, lovar Svendsrud og Farmen å gi festivalpublikummet ei musikalsk oppleving utanom det vanlege.

Høyr Håvard og Øivind i vakkert samspel her:

100-årsminne for Henry Haagenrud og Arnstein Johansen - Konsert - kl. 19
Henry Haagenrud og Arnstein Johansen er blant dei mest markante namna i norsk trekkspelhistorie. Begge vart fødde i 1925, og ville dermed ha fylt 100 år i år. Dette vert markert under årets Skeitreff med ein jubileumskonsert fredag kveld, der Øivind Farmen og Håvard Svendsrud framfører både kjende og mindre kjende komposisjonar av Haagenrud og Johansen, kombinert med interessant historikk og forteljingar frå liva til dei legendariske trekkspelarane.
Dansefest - kl. 20:30
Gruppene Farstad & Farstad og Skultbakkalaget sørgjer for drivande god dansemusikk utover kvelden, og fleire lokale lag og grupper bidreg til å halde stemninga oppe. Her er det berre å svinge seg utpå dansegolvet – langt inn i dei seine nattetimane!
Distrikstmeisterskap i trekkspel - kl. 11:00 - 15:30
Her får du høyre både unge og vaksne deltakarar frå heile regionen konkurrere i ulike klassar. Distriktsmeisterskapet vert arrangert i samarbeid med NTL Vestland og NTL Møre og Romsdal.
Skeitreffen 2025 - Konsert - kl.17:00
Under Skeitreff-konserten får du oppleve årets artistar i eit variert og spennande program. Her får du verkeleg høyre den store musikalske breidda eit trekkspel kan by på – frå det vare og melodiøse til det drivande og rytmiske. Vi kan love ei minneverdig musikkoppleving for både hjarte og øyra!
Premieutdeling - kl.20:00
Resultata frå distriktsmeisterskapet vert kunngjorde, og det blir utdelt diplom og premiar til deltakarane.
Dansefest - kl. 20:30
Gruppene Farstad & Farstad og Skultbakkalaget sørgjer for drivande god dansemusikk utover kvelden, og fleire lokale lag og grupper bidreg til å halde stemninga oppe. Her er det berre å svinge seg utpå dansegolvet – langt inn i dei seine nattetimane!
Takk og farvel med buskspel - kl.11:00
OBS: Vi jobbar framleis med detaljane, så små justeringar kan skje.